Får støtte til nordfjordbåt

Anne Kristin Moe, Kristen Arnestad og Andreas Mardal kring ein av båtane Arnestad nyleg har bygd.

Eit prosjekt om bygging og bruk av nordfjordbåt får 800 000 kroner i støtte. Fleire trur det er eit steg på vegen for å redde båtbyggjartradisjonen.

- Dette er heilt fantastisk og noko som verkeleg trengst. Nordfjordbåttradisjonen heng i ein tynn tråd, men den er framleis der og no kan vi gjere tråden tjukkare. Å få støtte til prosjekter er også ei anerkjenning av arbeidet som båtbyggjarane i Gloppen har drive med i mange år, seier avdelingsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

Med midlane som no er på plass skal den unge båtbyggjaren Andreas Mardal (34) gå i lære hjå den røynde båtbyggjaren Kristen Arnestad (79). Saman skal dei byggje båtar, som når dei er ferdige skal brukast av lokalsamfunnet, i regi av Nordfjordbåtlaget.

- Eg vaks opp med nordfjordbåt på støylen og der er den framleis i bruk, og eg fatta tidleg interesse for båtbyggjarhandverket og bruken av båten. Når eg har ein turnusjobb kan eg også tillate meg å ha eit attåtnæring, og då er dette midt i blinken, seier Andreas Mardal.

Kristen Arnestad er på si side glad for at han kan bidra til at tradisjonen han har halde i hevd blir forlenga. - Det er veldig viktig at dette skjer, og eg er utruleg glad for at nordfjordbåten og tradisjonsbygginga kan få eit lenger liv, seier han.

Livsviktig støtte

Allereie for åtte år sidan var 34-åringen med Arnestad å bygge ein nordfjordbåt, men denne gangen vert det meir fokus på heile arbeidsprosessen.

Dei to går i gang med bygging av første båten i oktober. Det er Nordfjord Folkemuseum som har stått i spissen for søknaden. Nordfjordbåtlaget er samarbeidspart og skal organisere bruken av båtane når den tid kjem. Prosjektet har fått full støtte frå Gloppen sogelag og alle kommunane i Nordfjord.

- Dette skal kome alle kommunane i Nordfjord og andre til gode, og vi tilbyr formidlingsopplegg om bygging og bruk av nordfjordbåt med besøk i båtbyggjarverkstaden. Dei som er interesserte kan allereie no ta kontakt med museet for avtalar. 27. oktober blir det også open dag på verkstaden til Arnestad, fortel Moe.

Prosjektet i Nordfjord er eit av fleire som får pengar frå Sparebankstiftinga til DNB gjennom Forbundet Kysten. Kulturvernorganisasjonen fekk tidlegare i år nær 8 millionar kroner som igjen kunne fordelast på prosjekt innan bygging og bruk av tradisjonsbåt.

Det vart stilt ei rekkje krav til prosjekta, mellom anna at det dreia seg om klinkbygde tradisjonsbåtar med lokal eller regional tilhøyrsle. Ein fryktar at tradisjonane med klinkbygging av båtar skal gå tapt, og forbundet Kysten har også søkt om at denne båtbyggjartradisjonen får plass på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. 

- Dersom vi ikkje hadde fått dette til kunne vi risikert at ein 1000 år gamal tradisjon hadde vorte broten. Bygging av nordfjordbåt går nemleg så langt tilbake i tid, men i dag er det berre nokre få personar som framleis held på. Å sikre at nokon unge fekk høve til å lære seg handverket er einaste måten å halde tradisjonen i hevd, seier Moe.