Støylsdag på museet søndag 12.august

Støylsdag museet

Vi inviterer til støylsdag på museet! Gloppen hardingfelelag spelar til dans i Frislidlada og du kan separere mjølk og kinne smør. I Mortisstova får vi også besøk av Oddbjørg Gjengedal som har drive med støyling i ei årrekkje. Har du spørsmål om livet på støylen veit du kvar du skal gå! 

Vi kan også freiste med eigen mjølkebar med rømaske og fersk kyra- og geitemjølk ved småbrukarlaget. Dersom eigenpressa eplejuice freistar meir, så kan du få lage det også! Bondelaget stiller med ku og kalv som du kan helse på.

Jølster Bakst sel tradisjonsbakst, Sunnfjord Naturmat sel saft, sylte og anna snadder og frå Norgesmat kan du handle pølser i alle variantar. 

Vi har også open kafe med sal av sveler og anna. Inngang: 70 for vaksne og 40 for born, dei under 7 år kjem inn gratis.

Program: 
Det meste går føre seg heile dagen (frå 12-16), men nokre tilbod er avgrensa i tid:  

12:00: Omvising i friluftsmuseet - oppmøte resepsjonen
12:00-14:00: Mjølkebaren er open 
14:00 Gloppen hardingfelelag spelar til dans

På Myklandsstøylen arrangerer dei også Støylsdag 2018, du rekk å få med deg begge deler!