VERNEBYGG FOR HOLVIKEJEKTA

Holvikejekta treng eit nytt vernebygg. Arkitekt: Ola Sandstad.

Etter over 100 år på land treng Holvikejekta eit bygg som vernar ho mot sterk sol og temperaturforskjellar, og som hindrar forvitring, utsiging, skadedyr og rote. Samstundes ynskjer vi å gje besøkande ei betre oppleving av denne «sjøens stavkyrkje».

Her kan du lese heile rapporten Vernebygg.pdf

Holvikejekta er den einaste store klinkbygde jekta att i Noreg. Frå middelalderen og fram til starten av 1900-talet var det hundrevis av jekter å sjå frå Finnmark til Rogaland. No er det berre ei att, og den står på nordsida av Gloppefjorden, om lag 2 km frå Sandane sentrum. 

Arbeidet med å få på plass eit vernebygg og besøkssenter har pågått lenge. Det var utarbeidd eit forprosjekt i 2013, og etter konkrete tilbakemeldingar frå Kulturdepartementet, har Nordfjord Folkemuseum utbetra prosjektet og fått teikna ein plan for korleis eit vernebygg kan sjå ut. 

Neste år skal Musea i Sogn og Fjordane søkje om å få prosjektet inn i ordninga om nasjonale kulturbygg. Bygget er kostnadsrekna til mellom 20 og 30 millionar kroner. Gloppen kommune har sett av 10 millionar kroner til prosjektet i sitt budsjett. Det planlagde bygget skal også sørgje for at publikum kan kome tettare på jekta og få oppleve det svære skipet frå ulike perspektiv. 

Holvikejekta er unik, men representerer også ei næring som involverte store delar av folket på Vestlandet. Ho er unik i den forstand at andre jekter av denne storleiken enten er øydelagde eller bygde om med dekk og motor. Den er klinkbygd, ein alderdommeleg teknikk som går 1000 år tilbake i tid. Såleis er Holvikejekta det einaste gjenverande fartøyet som i kraft av storleik og konstruksjon kan knyte oss til dei store knarrane frå Vikingtid og Middelalder. Den 20 meter lange jekta vart sett på land i 1906 og har sidan stått i den opphavlege jektevaulen.

Du kan lese meir om Holvikejekta her.