Utvida opningstider

Det er daglege omvising klokka 13:00.

Hugs å løyse billett i resepsjonen om du vil besøke friluftsmuseet i opningstida. I sommar viser vi utstillinga Byggeskikk. Du kan også få med deg kunst inspirert av eit åkle og orda "Anna Naustdals nittiårsdag 29-8-52", av Ida Anda Sæter. Denne sesongen har vi også eit ope studiemagasin der publikum får ein unik sjanse til å sjå korleis vi jobbar med å identifisere og registrere gjenstandar. Du kan sjå deg om i friluftsmuseet på eiga hand, eller du kan vere med på den guida runda vi har kvar dag klokka 13:00 som er inkludert i inngangsbilletten.

Vi har ope kvar dag frå 10-17 til og med 31. august.