Besøk oss i sommar

Vi har ope heile året.

Dersom du kjem med bil til Nordfjord Folkemuseum er det best å parkere på den store parkeringsplassen ved Trivselshallen. Det er nokre parkeringsplassar for funksjonshemma like ved sjølve museet. Det er gratis parkering.

Fram til og med 30. juni 2018 er det ope kvar dag utanom laurdag frå 12-15. Frå 1. juli til og med 31. august er det ope frå 10-17 alle dagar. 

Hovudbygget ved Nordfjord Folkemuseum er universelt utforma. Dessverre er dei færraste antikvariske bygga tilrettelagt for rullestol. Dersom du ynskjer å besøke museet og har spesielle behov i tilknyting til dette, så ta gjerne kontakt med oss. Vi oppmodar også grupper om å melde frå om spesielle behov når de tingar omvising. Dette gjeld også skular/barnehagar.