Kunstutstilling i sommar

Eit av bileta av kunstnaren Ida Sæther Anda

Ida Sæther Anda (f.1985) brukar digitale verktøy til å bearbeide eigne teikningar, akvarellar og nye og gamle foto. Eit gamalt foto av ein fjern slektning med påskrifta "Anna Naustdals nittiårsdag 29-8-52" er inspirasjonskjelda til bileta. Inntil nyleg visste ikkje Anda meir om Anna Naustdal enn det som stod på fotografiet. 

- Eg synst det var spanande å fabulere litt om denne ukjende kvinna i bileta mine. Tippoldeforeldra mine var frå Nordfjord, men dei flytta til Bergen der oldemor mi vart fødd. Dei i familien som hadde kontakt med slekta i Nordfjord lever ikkje lenger, men ved hjelp av folk på Nordfjordeid veit eg no at oldemor var kusina til Anna Naustdal, fortel kunstnaren. 

Ho har også blitt inspirert av eit åkle oldemora fekk frå selktningar i Nordfjord etter bybrannen i Ålesund i 1904. 

Utstillinga står på Nordfjord Folkemuseum sommaren 2018. 

Om Ida Sæther Anda:

UTDANNING:
Ålesund Kunstfagskole, 2008-2010
Teikna hos Arne Martin Hansen, Ålesund, 2008
Praksis på Kunstnarverkstaden til Anne Krag og Atle Færøy 2007-2008
Fjordane Folkehøgskule, kunstlinja, 2004-2005

UTSTILLINGAR
Separatutstilling i Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid 2018
«Jernbanebyen Hamar», Norsk Jernbanemuseum 2017/2018
«Kunst og kontor», Galleri Simart, Ålesund 2017 (kollektivutstilling)
Galleri Simart, Ålesund 2016 (kollektivutstilling)
Ålesund bibliotek, sommaren 2015
Ålesunds Kunstforening 2014 og 2015 (kollektivutstilling)
Utstilling frå eige atelier i Moloveien, Ålesund, juni 2014