TEMPORÆR UTSTILLING

Kvifor gjekk Ola og Kari Nordmann vekk i frå dei lokale byggeskikkane- og tradisjonane? Og kva er i grunn skilnaden på stav- og laftebygg? Tek du turen innom Nordfjord Folkemuseum denne sommaren er det gode sjansar for å kome ut at med svar på desse spørsmåla.

- Utstillinga om byggeskikk tek føre seg nokon av dei viktige skilnadane mellom aust og vestlandet. På Vestlandet og i Nordfjord er klyngetun, vestlandspanel og røykomnstova viktige stikkord, men bygg frå austlandet har andre særtrekk som vi også syner fram, seier avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

Noreg er det landet i verda, nest etter Japan, som har flest bevarte trehus frå føre reformasjonen. Det er flest loft, men det finst også nokre stabbur, stover og enkelte uthus. Moe meiner museet er ein godt eigna stad til å fortelje om byggeskikken, fordi ein har mange ulike typar bygg med sine særmerkte konstruksjonar. I friluftsmuseet er det 44 antikvariske bygg frå 1500-talet og fram til 1800-talet. 

Utstillinga står frå 3. juni til 9. september 2018.