Byggeskikk - utstillingsopning

Set byggeskikk i høgsetet

Kvifor gjekk Ola og Kari Nordmann vekk i frå dei lokale byggeskikkane- og tradisjonane? Og kva er i grunn skilnaden på stav- og laftebygg? Tek du turen innom Nordfjord Folkemuseum denne sommaren er det gode sjansar for å kome ut at med svar på desse spørsmåla.

- Utstillinga om byggeskikk tek føre seg nokon av dei viktige skilnadane mellom aust og vestlandet. På Vestlandet og i Nordfjord er klyngetun, vestlandspanel og røykomnstova viktige stikkord, men bygg frå austlandet har andre særtrekk som vi også syner fram, seier avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

Noreg er det landet i verda, nest etter Japan, som har flest bevarte trehus frå føre reformasjonen. Det er flest loft, men det finst også nokre stabbur, stover og enkelte uthus. Moe meiner museet er ein godt eigna stad til å fortelje om byggeskikken, fordi ein har mange ulike typar bygg med sine særmerkte konstruksjonar. I friluftsmuseet er det 44 antikvariske bygg frå 1500-talet og fram til 1800-talet.

- Dei store ladene var så å seie alltid i stavkonstruksjon, fordi dette var ein byggemåte som var godt eigna til store og luftige bygg. Det vart naturleg ventilasjon og desse bygga kravde ikkje så mykje materiale, så dei var mykje brukt i område med lite skog, seier Moe.

Eige undervisningsopplegg

Byggeskikk handlar om kva materiale, tekniske løysingar, planløysingar og liknande ein går for når eit bygg skal setjast opp. Grunnprinsippa i konstruksjonen var i hovudsak den same, og basert på enten stav eller laft. Stil og mote kom fram gjennom skilnad i listverk, panel og planløysingar til dømes.

- Når folk er ute og reiser så er det framleis slik at ein ved å sjå på hus kan sjå om ein er i Europa eller Asia og gjerne også meir konkret om det er i sørlege delar av Europa eller i nord. Men det er ikkje lenger slik at ein ved å sjå på eit hus i eit byggefelt i Noreg får hint om ein er på aust eller vestlandet. Slik var det i større grad før, seier Moe.

Museet tilbyr også eit eige undervisningsopplegg knytt til utstillinga. Her får elevar i alle aldrar høve til å lære meir om byggetradisjonane, særtrekka ved ulike tresortar og dei får lagre trenaglar og etter kvart også høve til å bygge husmodellar i både stav og laft.

- Vi har allereie tjuvstarta opplegget med nokre klassar og tilbakemeldingane er gode. Dette undervisningstilbodet vil vi ha som eit fast tilbod også etter at utstillinga er teken ned, seier Moe.

Utstillinga blir opna av Petter Eide, som har dokumentert, fotografert og teikna fleire av husa som står på Nordfjord Folkemuseum. Utstillinga står frå 3. juni til 9. september.