Jektedag 22.april

Den unike Holvikejekta blir markert på Nordfjord Folkemuseum 22. april. Foto: Espen Mills

Arrangerer årleg jektedag

Frå 1881 og dei neste 25 år kunne mange glopparar gle seg over fleire store høgtider på våren og sommaren. For når Holvikejekta var sjøsett og kom heim frå bytur vart det feststemning i mang ein heim.

- Vi ynskjer å synleggjere kor viktig Holvikejekta var i si tid og få fram kva den betydde for eit samfunn som Gloppen. Difor vil vi kvar vår halde ein jektedag som tek for seg eit eller fleire tema knytt til jekta, seier avdelingsdirektør Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum.

Den 22. april vil ho orientere om status for Holvikejekta og vernebygget som ein håpar å få på plass. Gloppen hardingfelelag underheld og det same gjer Kåre Gimmestad, som fortel historier frå jekta.

Vil vite meir

- Vi veit ikkje den eksakte datoen for når jekta vart sjøsett første gong. Det skulle vi veldig gjerne visst, så om nokon veit noko om dette vil vi gjerne få tips. Det vi uansett veit er at det var ei årleg storhending, fortel Moe.

Då gjekk bodet kringom i bygda nokre dagar i forkant og på sjølve dagen var opp til 40 til 50 mann i sving for å få den 20 meter lange og åtte meter breie båten ut på fjorden. Nokre stader i Nordfjord var det ein så spesiell dag at ungane fekk fri frå skulen når jekta skulle sjøsetjast.

Jekta tok gjerne tre til fire turar til Bergen i løpet av eit år, og den første var oftast i slutten av mars. Når skipet kom seglande inn att fjorden etter byturen visste ein aldri sikkert, då turen kunne ta alt frå nokre dagar til fleire veker alt etter vindhøva.

- «Den fjerde høgtida» har det blitt omtala som i Gloppen, når jekta returnerte frå byferdene. Å sjå jekta kome mot land fullasta med eksklusive og viktige varer som såkorn, sukker, kaffi og kanskje ein pynteting eller to, og alle forventingane om nyhende og historier, må ha vore eineståande. Vi håpar mange vil vere med oss og skape like god stemning på museet denne dagen, seier Moe.