Bach med vener i Moritsstova

Det blir intim stemning og vakker musikk i Moritsstova 7. februar.

Under Vinterfest i Gloppen presenterer Gloppen Musikkfest ei perle av ein konsert i den vakre og intime Moritsstova på Nordfjord Folkemuseum. Den strålande trioen som presenterer musikken til Bach og hans vener er:
Øyvind Bjorå - fiolin
Per Kristian Skalstad- bratsj
Audun Sandvik - cello og sag

Billett kr 200,-

Moritsstova er lita, og vi har berre 40 billettar for sal, så her gjeld det å vere om seg. Billettar kan du kjøpe på Nordfjord Folkemuseum,og dei må betalast kontant. Det er og høve til å ringe museet på telefon 57 88 45 40 og reservere billettar.