Miniseminar om Nordfjordbåt

Båtbyggjarane måtte lage eigne verktøy når dei skulle byggje båt. Du kan sjå fleire av dei i utstillinga.

Så langt tilbake ein kan sjå har Gloppen peika seg ut som eit senter for båtbygging. Frå rundt 1850 vart det bygd nordfjordbåtar på nærast kvar gard på søtrstranda av Gloppefjorden. Opp mot 400 båtar kunne bli bygde i Gloppen i løpet av eit år. Korleis denne attåtnæringa fungerte, kven båtbyggjarane var og korleis kunnskapen har vorte overført i både tid og rom får du vite meir om mellom klokka 13 og 15, søndag 4. februar. Det blir også omvising i utstillinga Nordfjordbåt, som står til 4. mars. 

Føredragshaldar: Ingrid Berger, konservator Nordfjord Folkemuseum

Inngang: 70 kroner for vaksne – 40 kroner for born.