Eige seminar om nordfjordbåt

Sandane i Gloppen har tradisjonelt vore sentrum for båtbygging i Nordfjord, og laurdag 14. oktober blir det føredrag om båtbyggjartradisjonen rundt Gloppefjorden. Det blir også føredrag om nordfjordbåten som gardsreiskap, om småbåtbygging i Hardanger og om ulike variantar av lårseglet som er blitt nytta på nordfjordbåtar. Det blir også diskusjon om korleis ein skal ta vare på nordfjordbåtbyggjartradisjonen, og omvising på båtbyggjarverkstaden til Kristen Arnestad. Dagen vert avslutta med festmiddag.

Søndag er det duka for praktisk segleseminar på Gloppefjorden og omvising på Holvikejekta. Nordfjord Folkemuseum opnar denne helga også haustens utstilling som handlar om Nordfjordbåt, og det blir også høve til å få omvising i denne utstillinga søndag.

Deltaking på seminaret kostar 900 kroner. Ny påmeldingsfrist: 8. september. Seminaravgifta inkluderer deltaking på program laurdag og søndag og alle måltid, inkludert festmiddag.

Meld deg på via denne lenka: https://goo.gl/forms/vDGMPsEJdt1GMNpv1, eller ring oss på telefon 57 88 45 40.

Fullstendig program:

Laurdag 14. oktober:
11:00-12:00 Lunsj på Nordfjord Folkemuseum med visning av dokumentasjonsfilmen «Nordfjordbåt»
12.00-12:10 Velkomen, ved avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe
12:10-12:30 Presentasjon av Nordfjordbåtlaget
12:30-13:00 Båtbyggjartradisjonen rundt Gloppefjorden, Ingrid Berger, konservator Nordfjord Folkemuseum
13:00-13:45 Båten som gardsreiskap. Om bygging og bruk av tradisjonsbåtar, Terje Planke Norsk Folkemusem/Høgskolen i Sørøst-Norge
13:45-14:15 Frukt- og kaffipause
14:15-15:00 Småbåtbygging i Hardanger- vidareføring av lokale tradisjonar
, Peter Helland Hansen, Hardanger Fartøyvernsenter
15:00-16:00 Lårseglet, det asymmetriske råseglet. To variantar nytta på nordfjordbåtar
, Håvard Hatløy, Sunnmøre Museum
16:00-16:45 Diskusjon—Korleis kan ein ta vare på nordfjordbåtbyggjartradisjonen?
18:00 Besøk i båtbyggjarverkstaden til Kristen Arnestad

20:00 Festmiddag på Fjæra Mat, ved gjestebrygga i Sandane sentrum

Søndag 15. oktober:
10:00-15:00 Segleseminar på fjorden. Praktisk segling og roing i tradisjonelle nordfjordbåtar. Oppmøte ved gjestebrygga Sandane sentrum. Rotur til Holvikejekta
12:00-12:45 Omvising på Holvikejekta
13:00-14:00 Lunsj på Fjæra Mat, ved gjestebrygga i Sandane sentrum

14:00-15:00 Omvising i utstillinga «Nordfjordbåt» på Nordfjord Folkemuseum