Støylsdag 5. august

Saman med Gloppen Sogelag, Bonde- og småbrukarlaget, og bøndene i bygda Kandal i Gloppen, skipar vi til støylsdag 5. august. Dagen startar på Nordfjord Folkemuseum, der du kan prøve å separere både geite- og kyramjølk, kinne smør og prøve lur og bjørneskremme.

På ettermiddagen kan du ta turen til Kandalsstøylen/Nesstøylen på Ytre Kandal. Då blir det ysting av ost, sal av varer og varmrettar med geit og hjort og ikkje minst avsluttar ein sommarkvelden med flakedans.

Program på Nordfjord Folkemuseum frå 11 til 14:

11: Fele, lur og anna musikk av Arne Sølvberg i Moritsstova

12: Kåseri om støylslivet ved Jon Tvinnereim i hovudbygget

13: Omvising på museet

Du kan elles få bli med på å kinne smør, separere mjølk, spikke, prøve lur og bjørneskremme. Kafeen er open, med sal av rømmegraut. Inngang: 70 kroner for vaksne, 40 for born over sju år.

Program på Kandal/Nesstøylen på Ytre Kandal frå 15 til 23:
Lær å yste ost frå klokka 15 til 16. 

Du kan også bli kjend med hestane, geitene og sauene på støylen, i tillegg til budeiene. Det blir sal av geitekjøt, geite- og saueskinn og postkort. Det er også open kafe med servering av varmmat av geit og hjort.

Flakedans med livemusikk frå klokka 18 til 23.

Gratis inngang, 50 kroner i bompengar.