Kunsthistoriekurs i juli og august

Den tradisjonsrike norske rosemålinga henta inspirasjon frå barokken i Europa på 16- og 1700-talet.

22.- og 23. juli og 12.- og 13. august kan små og store lære seg meir om kunsthistoria. Kathrine Svendsby, med fem års kunststudiar bak seg i Paris, tek føre seg dei ulike epokane i kunsthistoria og i samtida.

Kjende måleri frå rennessansen og fram til 1900-talet vert i dette kurset presentert i kronologisk rekkefølge. Det er eigne kurs for born i alderen åtte til 12 år. Kursa vert haldne i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum.

Laurdag 22 juli: 11.00-13.00 for born (8-12 år)

Søndag 23 juli: 11.00-13.00 for vaksne

Laurdag 12 august: 11.00-13.00 for born (8-12 år)

Søndag 13 august: 11.00-13.00 for vaksne

Inngangsbillett: Kr 150 for vaksne kr 100 for born