SKIFTANDE UTSTILLINGAR

Nordfjordbunaden

 

Utstillinga "Frå folkedrakt til bunad i Nordfjord" viser korleis nordfjordingane gjekk kledd på 1800-talet og korleis nokre av desse plagga vart bunad.

Folkedraktene er dei lokalt særprega kleda som vart brukt på bygda i det gamle bondesamfunnet. Vi har henta fram skattar frå samlinga som viser klesskikken i Nordfjord frå 1800-1820, 1820 - 1860 og etter 1860, samt samtidige drakt-teikningar av Johan Dreier og Hans Leganger Reusch. Her er også fotografi av Marcus Selmer og Knud Knudsen frå 1860- og 1870 åra. Du får sjå nokre av førelegga for Nordfjordbunaden som Mina Rye utarbeidde i 1928 og manns-og kvinnebunader frå 1920-talet til i dag.

Utstillinga står til 15.september.