SKIFTANDE UTSTILLINGAR

Spelsau c Nils Olav Mevatne


Vandreutstillinga "Livredderen" er eit dokumentarisk portrett av den norske spelsauen og ein hyllest til ein trufast følgjesvenn som har heldt nordmenn varme gjennom tusen år. Gjennom foto, tekst og installasjon vert publikum presentert for ein viktig del av den kulturbiologiske historia vår – og for eit bodskap som først om framst handlar om det skjøre, gjensidige avhengighetsforholdet mellom dyr og menneske. "Livredderen" sett søkelys på kva vi er i ferd med å miste på grunn av utviklinga; av genmateriale, praktisk kunnskap, historisk medvet og råvare med unike materielle kvalitetar.

Fotografi av Nils Olav Mevatne
Tekst av Øystein Rygg Haanæs
Installasjon av Marit Adelsten Jensen  og Else Karin Tysse Bysheim

Som vanleg har vi funne fram skattar frå våre eigne samlingar knytt til temaet. Her er gjenstandar som har vore brukt i sauehald, kjøt- og ullproduksjon.I utstillinga får du også sjå verdas fyrste Ullglo. Utstillinga står tom. 28.februar 2017.