Grupper

Nordfjord Folkemuseum Omvising

Foto: Espen Mills

Omvising for grupper

Omvising må avtalast på førehand, og vi tilbyr tre ulike omvisingar. Pris for omvising er 1000 kroner (for grupper på under 10 personar). For grupper på 10 personar eller fleire er prisen 100 kroner per person.

"Å byggje og bu i Nordfjord" gir eit innblikk i historia om byggeskikken i Nordfjord frå 1500-talet og fram til 1900-talet. På vandring i friluftsmuseet og stopp i nokre av dei 44 antikvariske bygga, får du ein smak av livet i tidlegare tider. Korleis budde nordfjordingen og kva liværte han seg av? Korleis har utviklinga vore dei siste 200 åra?

"Holvikejekta" er skildra som sjøens stavkyrkje. På omvisinga ser vi nærare på det unike frakteskipet og du får vite meir om kva rolle denne og andre jekter hadde som næringsveg, kulturbærar og livsnerve i små nordfjordbygder. 

"Vasskraft i Nordfjord" syner korleis energien i rennande vatn har blitt omsett til arbeid gjennom tidene. I friluftsanlegget har vi ei stampe, ei oppgangssag og eit kvernhus, som tydleg viser kor viktig vatnet har vore. 

I sommarsesongen (1. juli til 31. august) er omvisinga "Å byggje og bu i Nordfjord" inkludert i inngangsbilletten. 

For å tinge omvising, kontakt oss på telefon 57 88 45 40 eller e-post:nfm@misf.museum.no