Pedagogiske opplegg

Hogging, stabling og lemping av ved er del av "Tidskapelsen" for 9.klassar.

Opplegga varer mellom ein og to timar. Det er sett eit makstal på 30 elevar på dei ulike tilboda, så lenge noko anna ikkje er spesifisert. Tilboda tek utgangspunkt i læreplanane for ulike fag og årssteg. Nokre av opplegga er knytte til skiftande utstillingar, og denne hausten/vinteren har vi dette på programmet:

Nye opplegg

Byggeskikk
Nordfjord Folkemuseum har 44 antikvariske bygg i friluftsmuseet, og byggverka fortel historia om byggeskikken i Nordfjord heilt frå 1500-talet og fram til 1900-talet. Vi studerer utstillinga Byggeskikk, og elevane får sjå ulike byggemåtar og konstruksjonar som har vore karakteristiske for området, som grind og laft. Vi utforskar kva materiale som har vore brukt og kvifor. Elevane får sjølve prøve å setje opp modellar av hus i grind og laft. Opplegget tek i utgangspunktet ein time, men kan tilpassast. Høver for alle årstrinn. Opplegget blir også sett på formidlingsprogrammet framover, men byggeskikkutstillinga på museet står berre til 9. september 2018. Fast lokalt DKS-tilbod til 3. klasse i Gloppen.

Ein gensar før og no
Visste du at folk i Nordfjord på 1800-talet dyrka lin og hamp og laga tekstilar av det? Og at brennesle har vore mykje brukt til tekstil? I dag kjem det meste av kleda vi kjøper, og råmateriala dei er laga av, frå  utlandet. Trass i aukande medvit om miljø og etikk så aukar tekstilforbruket vårt.  I dette opplegget tek vi utgangspunkt i utstillinga «Tekstilarbeid». Den ser på kortreiste tekstilar i eldre tid i Nordfjord; Kva produserte folk sjølve og korleis gjekk arbeidet føre seg frå råmateriale til ferdig spunnen tråd? Gjennom praktiske oppgåver ser elevane nærare på kva kleda deira eigentleg er laga av. Opplegget tek kring to timar, og høver for dei fleste alderstrinna. Undervisningstilbodet gjeld frå veke 39 i 2018 til og med veke 7 i 2019.

Eit eple om dagen…
Fruktdyrking har vore ei viktig næring Nordfjord, og framleis driv mange med frukt og bær. På Nordfjord Folkemuseum har vi ein eplehage med 31 gamle eplesortar. Lokale eplesortar, som til eksempel Haugeeple og Gloppestadeple får vi ikkje kjøpt på butikken i dag, men dei har nokre eigenskapar i form av lukt og smak det er verdt å ta vare på. I dette formidlingsopplegget let vi smaken styre og rettleie. Smakar eple eple, eller er det mange smakar av eple? Har smaken samanheng med lyden og lukta? Korleis kan vi forklare kva dei ulike smakane er? Smakar dei likeins når dei lagast om til eplemost? Vi avsluttar økta med å skrelle og presse eple til nydeleg eplemost. Opplegget høver best for dei eldste borna i barnehagen og 1.til 4.klasse. Det er avgrensa mengde eple, så her er det første klasse til pressa! Opplegget tek kring 1 ½ time, og er tilgjengeleg i september og oktober til det er tomt for eple!

Jul
I desember inviterer vi skuleklassar på besøk i skulestova. Dei får høyre historier om jul i «gamle dagar» og vi snakkar om juletradisjonar. Museet har ei lita utstilling i tilknyting til jul som vi også kikkar på. Vi skriv julekort med blekk og lagar julepynt. Opplegget kan tilpassast ulike aldersgrupper.

 

Faste undervisningsopplegg ved Nordfjord Folkemuseum

Kjeldegransking                                                                                                     vidaregåande skule 
Ein gjenstand kan fortelje mykje om tida den er frå. Både materiale, utforming og bruksområde fortel noko om korleis samfunnet var og om menneska som eigde gjenstanden. På Nordfjord Folkemuseum har vi ei stor samling kulturhistoriske gjenstandar frå Nordfjord; desse er gode og ekte kjelder til historia til menneska som levde her. Elevane får prøve seg på kjeldegransking i praksis slik at vi kan gjere kjelda, og gjennom dei historia, levande for elevane. Elevane får også omvising i skriftarkivet og gjenstandsmagasina på museet, samt innføring i bruk av nettsida digitaltmuseum.no. Maksimalt 15 elevar i kvar gruppe.

 

Identitet i endring                                                                                                                vår/haust
Kva er identitet, og kva spelar inn i forming av den? I dag står vi friare til å bygge eigen identitet enn for 150 år sidan. Kva fridom hadde ein i 1870 til å skape sin eigen identitet? Elevane får tildelt nye identitetar under besøket, og vi gjennomfører delar av ein skuledag i 1870 med desse nye rollene. Undervegs spelar vi ut situasjonar som oppstår, gjer oppgåver og reflekterer kring det som skjer og kvifor. Lokalt DKS-tilbod for 7.klasse i Gloppen, også tilgjengeleg for andre kommunar etter avtale.

 

Båt i Gloppen                                                                                             grunnskule vår/haust
Å byggje ein båt er ein kunst. Når ein veit at mange av båtbyggjarane ikkje brukte teikningar, men augemål for å byggje blir det heile endå meir imponerande. I dag er gründer og nyskaping ord som blir knytt til verdiskaping, næring og positivt vekst. For 150 år sidan var det heller tradisjonsbæring som var bærebjelken og det inntektsgjevande i små lokalsamfunn. I Nordfjord var bygging av nordfjordbåt eit slikt handverk, som vart overført frå far til son, men som i dag nærast ingen lenger held i hevd. Elevane får lære meir om den viktige attåtnæringa som båtbygginga var, og dei får også prøve seg på praktisk båtbyggjararbeid. Eige tilpassa DKS-opplegg for 8.klasse i Gloppen i samarbeid med Gloppen Ungdomsskule og Nordfjord Folkehøgskule. Det generelle opplegget er tilgjengeleg for alle.


 

Tidskapselen                                                                                                                         haust
Elevane får ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv og dei lærer om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Dei vil også lære meir om korleis livet var i Nordfjord kring 1750 og 1850, og korleis utviklinga har vore mellom desse to periodane. Dette vil igjen bli knytt tett opp mot temaet ressursutnytting. Elevane får ei omvising i nokre av husa og høgg ved. Tilbodet er unikt i landet, ingen andre fylke tilbyr ein slik museumsdag til eitt klassetrinn. Opplegg for DKS Sogn og Fjordane 9.klasse.

 

Holvikejekta                                                                                                            kontinuerleg etter avtale
Den unike jekta frå 1881 fortel lokal, nasjonal og internasjonal historie på same tid. Jekta og jektefarten er inngang til eit bredt spekter av historier om daglegliv, samfunnsvilkår, næringsvegar og tradisjonar i Nordfjord. Elevane får omvising på jekta og løyse praktiske oppgåver knytt til jekta og jektefart. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa.

 

Bondesamfunnet                                                                                     vår og haust etter avtale
Elevane får ei innføring i temaet «bondesamfunnet mellom 1750 -1850». Korleis budde og levde folk før i tida, og korleis har dette utvikla seg dei siste 200 åra? Kva livnærte nordfjordingen seg av? Elevane blir viste rundt i husa i friluftsmuseet og vi gjennomfører praktiske aktivitetar på vegen. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa.

 

Frå handemakt til elektrisitet                                                            vår og haust etter avtale
I Noreg har vi nytta vasskraft frå tidleg mellomalder. I friluftsanlegget vårt har vi ei stampe, ei oppgangssag og eit kvernhus. V
i ser på korleis vasskrafta har vore til hjelp når folk skulle ha seg hus, mat og klede. Både ute og ved hjelp av modellar ser vi på korleis energien i rennande vatn har blitt omsett til kraft som har avløyst arbeid Vi ser på korleis energien i rennande vatn har blitt omsett til arbeid gjennom tidene. Elevane får prøve seg på praktiske aktivitetar knytt til vasskraft og energi. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa.

 

Ta kontakt dersom du vil tinge eit av opplegga eller har spørsmål: eva.marie.felde@misf.museum.no