Jul i Nordfjord kjem i handelen frå 9.november.

Fredag 9.november kjem årets utgåve av Jul i Nordfjord i handelen. Fredag kveld klokka 19:00 er det også duka for offisiell lansering. 

Redaktør Anne Kristin Moe presenterer årets utgåve. Der kan du mellom anna lese meir om arbeidet med kulturminneplan i Gloppen, som artikkelforfattar Birte Fossheim vil seie meir om denne kvelden. Trygve Espe har skrive artikkel om eksersisplassen Malakoff på Nordfjordeid, og han blir også med denne kvelden for å fortelje. Museet opnar også ei lita utstilling om julehefter. 

Museet er ope frå klokka 18:00, men sjølve arrangementet startar 19:00. Det er gratis inngang, og sal av natronkaker og kaffi. Arrangementet er også del av Kulturnatt i Gloppen. Les meir om arrangementa som skjer her.