Framsida på Jul i Nordfjord i 1996.

Nytt digitalt skattekammer tilgjengeleg

- Dette er ein nyttig og god ressurs for alle som er interesserte i folk, historier og forteljingar frå Nordfjord, seier redaktør Anne Kristin Moe.

Nasjonalbiblioteket har inngått avtale om å digitalisere og publisere ei rekkje tidsskrift. Dette er eit prøveprosjekt som går over tre år, og «Jul i Nordfjord» er eit av tidsskrifta som no er fritt tilgjengeleg for alle som vil lese.

- Her ligg ei skattekiste på nett, rett og slett. Det er så mange og varierte artiklar som ligg her, at det må vere noko for ein kvar smak, trur Moe, som overtok redaktøransvaret frå 2017.

Her kan du lese alle tilgjengelege utgåver av Jul i Nordfjord. 

Ein kan lese historier frå krigsåra, om fleire av kyrkjene i Nordfjord, skikkar, mat, kultur og personar som har sett sitt preg på området på ein eller andre måten. Via Nasjonalbiblioteket sine nettsider er det også mogleg å finne enkeltartiklar. Eit enkelt søk på «Jul i Nordfjord» og «Claus Frimann» syner mellom anna at diktarpresten i Bremanger er nemnd i 24 (digitaliserte) utgåver av bladet.

Ynskjer utvalde årgangar

Dei nyaste årgangane av Jul i Nordfjord er ikkje tilgjengelege på nett, men må framleis kjøpast i butikk eller hjå Nordfjord Folkemuseum. Nordfjord Folkemuseum har også fysiske eksemplar av dei fleste årgangane, og desse kan ein kjøpe ved å kontakte museet. Samstundes er det nokre årgangar som nærast er umoglege å få tak i.

- Første utgåva kom i 1936. Fram til 1957 kom det utgåver litt i rykk og napp, med ulike utgjevarar, fortel Moe.

Dersom nokon sit på eksemplar som dei vil donere frå 1936, 1940, 1943, 1949, 1950, 1952, 1956, 1959, 1961 eller 1962 så ber Nordfjord Folkemuseum om at du tek kontakt. 

I desse tider er Moe og redaksjonen for årets utgåve av heftet i innspurten manuslesing. Ho kan røpe at ein frå no av ynskjer å lansere det med meir brask og bram enn tidlegare.

- Folk kan allereie no setje av kulturnatta i Nordfjord, 9. november. Då vil vi skipe til eit arrangement knytt opp til Jul i Nordfjord, avslører ho.