Bråk til å knuse lin med.

Utstillinga «Tekstilarbeid – frå fiber til tråd» tek føre seg kva ein produserte, kjøpte og selde i Nordfjord før 1900-talet, og korleis råmateriala vart til ferdig tråd. I tillegg til lin og hamp vart det sjølvsagt brukt mykje ull, men også hår frå andre krøter og også brennesle har vore brukt.

I utstillinga får ein også sjå korleis noko av arbeidet med å få fibrane om til tråd vert gjort og det er via mykje plass til dei ulike arbeidsprosessane og reiskapane som var daglegdagse kringom på gardane i heile landet.

Utstillinga opnar 23.september og står til vinteren 2019.