Søndag 10. september blir det draktseminar på museet.

Vi markerer avslutninga av utstillinga «Frå folkedrakt til bunad i Nordfjord» med eit eige draktseminar om tradisjonar, skilnadar og likskapar i draktskikk mellom dei tre fogderia; Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Seminaret held på frå 12 til 15.

Reidunn Strand, som har rekonstruert fleire manns- og kvinnebunadar frå Nordfjord, held innlegg om folkedrakt i Nordfjord. Frå Sunnfjord kjem Ann Lundekvam, som har sydd Sunnfjordbunad i over 20 år og vore ei viktig brikke i rekonstruksjon av denne bunaden. Bjørg Hovland gav i 2014 ut boka «Folkedrakter og bunader frå Sogn. Ei reise i tid og landskap», og ho vil fortelje meir om folkedrakta i den regionen.

Glasmontrane med dei ulike folkedrakt- og bunadsplagga blir også opna denne dagen, slik at ein kan studere dei ulike plagga nærare.

Vi oppmodar også publikum om å ta med seg gamle plagg for å vise fram og diskutere under seminaret.

Inngang 150 kroner. 

Vel møtt!