Jul i Nordfjord 2017

Jul i Nordfjord er eit julehefte med kulturhistorisk og litterært stoff frå og om Nordfjord. Heftet blir gitt ut av Nordfjord Folkemuseum.

Jul i Nordfjord 2017 kan du kjøpe på museet eller ein av forhandlarane våre i Nordfjordkommunane og Førde.

Er ikkje heftet i sal der du bur? Kontakt oss, så sender vi det pr. post. Pris per hefte er kr. 100.

Vil du skive i bladet eller har tips om gode saker? Er du forhandlar eller privatperson og ønsker å kjøpe bladet?

Kontakt oss på nfm@misf.museum.no57 88 45 40

Abonnere

Du kan abonnere på bladet. Då sender vi det til deg fast kvart år til du seier opp. Kanskje vil du abonnere på to - eller ti - kvart år, til å gje vekk i julegove. Ring eller send oss ein e-post.

Historikk

Jul i Nordfjord blei første gong gjeve ut i 1936, og har sidan den gong hatt ulike utgivarar. I 1936 var Erik Fønstelien Bokhandel i Måløy utgivar (berre denne årgongen). I 1940–46 var Kolbein Sterke utgjervar, ved redaktør K. Sølvberg i Stryn. Deretter låg heftet nede ei tid før Firda Ungdomslag tok til å gi ut heftet i 1956. I 2004 – 16 var Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Sogelag som utgivarar med ei frittståande redaksjonsnemnd. Frå 2017 tok Nordfjord Folkemuseum over det redaksjonelle ansvaret.

Gamle årgongar 

Vi er i gong med arbeidet med å digitalisere gamle årgongar av Jul i Nordfjord. Eldre hefter kan også tingast gjennom museet.